4.12. Auk

Kommandoen Auk gjer utvalet større. Han verkar på nokolunde same måten som kommandoen Krymp, som gjer utvalet mindre.

4.12.1. Aktivering

  • You can access this command from the image menubar through SelectGrow.

4.12.2. Beskriving av dialogen Auk utvalet

Figur 15.32. Dialogvindauget for Auk utvalet

Dialogvindauget for Auk utvalet

Auk utvalet med

Her kan du skrive inn kor mykje utvalet skal aukast. Normalt blir dette målt i pikslar, men du kan endre måleeining ved hjelp av nedtrekksmenyen.

4.12.3. Ein raritet med det rektangulære utvalet

Når du aukar eit rektangulært utval får resultatet avrunda hjørne. Årsaka ser du nedanfor:

Figur 15.33. Eit rektangulært utval får avrunda hjørne

Eit rektangulært utval får avrunda hjørne

Dersom du ikkje ønskjer avrunda hjørne, kan du bruke kommandoen Avrunda hjørne med radius sett til 0 %.